Aker gårdsbutikk
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Norsk butikk

Deodorant Skog 50 ml - VOSSABIA

189,-
Antall:

Føl deg fresh frå dusj til dusj, i kvardag og på dine eventyr!
Vossabia sine naturlege deodorantar er effektive til å nøytralisere kroppslukt, med kun supersunne ingrediensar frå kun økologisk landbruk.

Brukertips:

Den naturlege deodoranten skal smørast med eit tynt lag under armane. Ta ein liten mengde på fingeren og smør utover lett som ein plett (Vossabia sjølv nyt dei tre sekunda det tek, fordi det er så sunne saker som går rett i hud og kropp 🌼🐝). Deilig å vite at deo'en er meir som "kosttilskot" rett under armane. Og heldigvis effektiv også!

Det blir ikkje klissete, og du held deg fresh, tørr og deilig heile dagen og vel så det (for meg held den i over eitt døgn sjølv med mykje aktivitet).

Tips for å unngå flekkar på klede er å påføre deodoranten etter du har kledd deg (løft opp genser/skjorte og smør underifrå 👍 SKulle du ha vore uheldig å fått flekker på tekstilane dine: fukt flekken, gni natron inn i flekken, vask på vanleg måte, og borte er flekken 😁

P.S. Svetter og luktar du meir dei første dagane? Nokon kan oppleve at når dei går frå ein "vanleg" deo (med aluminium osv) og over til ein heilt naturleg deo, at dei den første veka (eller eventuelt litt lenger) lukter meir svette, og kanskje svetter meir også. Dette kan vere ein avgiftingsreaksjon etter langvarig bruk av antiperspirant/deodorant med alumnium som hindrar svette. Ha berre litt tålmod så blir det bra! 😁 Det er ikkje alle som opplever dette.

 

Ingredients: Zea Mays Starch, Maranta Arundinace Root Powder, Simmondsia Chinensis Seed Oil, Butyrospermum Parkii Butter, Cocos Nucifera Oil, Beeswax, Sodium Bicarbonate, Potassium Bitartrate, Theobroma Cacao Seed Butter, Juniperus Communis Fruit Oil, Tocopherol, Helianthus Annuus Seed Oil, Limonene, Eugenol.

INNHALD PÅ NORSK:
øko bivoks, øko pilerot, øko bakepulver (øko druesaftkonsentrat, øko maisstivelse, sodium bicarbonat), øko kokosolje, øko sheasmør, øko jojobaolje, øko eterisk jasmin, naturleg e-vitamin.

TESTING:
Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Resepter utvikla av Renate, med heilskapleg langsiktig helse som grunnverdi, og basert på urtekunnskap og nøye utvalde planteingrediensar.

Kommentarer

Relaterte produkter

Kunder kjøpte også

Trykk ENTER for å søke