Aker gårdsbutikk
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Norsk butikk

Leppepomade - Huldrelepper - VOSSABIA

115,-
Antall:

Herleg leppepomade med naturleg farge og eterisk granolje!

Den er nydeleg på leppene, gir ein flott glød og perfekt kvardagsfarge på leppene.

 

Brukartips

Ta den på når som helst på dag og kveld, og kjenn korleis leppene held seg mjuke kjempelenge. VossabiaRenate elskar fargen! Den gir ein fin purpurfarge som gir glød og lett rødmande lepper utan at det blir for mykje.

Den er super også ved munnsår og skikkeleg tørre lepper då den inneheld skikkeleg pleiande ingrediensar som bivoks og ringblomstekstrakt blant anna.

 

INNEHELD:
bivoks, øko tistelolje, perlemorpigment, granolje eterisk.

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden.Resepter utvikla av Renate, med heilskapleg langsiktig helse som grunnverdi, og basert på urtekunnskap og nøye utvalde planteingrediensar.

Kommentarer

Vossabia

Vossabia


Vossabia har sidan 2004, eller egentlig lenge før det og, jobba med djup og sterk fokus på heilskapleg helse med utgangspunkt i å nytte naturens utrulege univers for å balansere oss. 

Vossabia er oppteken av mat, av næringstoff og av langtidsperspektiv på helse. Mat inntek me gjennom munnen, men me meiner det bør inntas mat gjennom huden også! Det går trass alt inn i same systemet, og påverkar oss, det som me får på hud og hår også. Så for Vossabia er logikken grei: smør deg inn med sunne saker som urter og bienes råstoff, så balanserer me både hud, kropp og sinn :)

Relaterte produkter

Kunder kjøpte også

Trykk ENTER for å søke