Aker gårdsbutikk
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Norsk butikk

Rose- og rødkløverskribb til ansikt - VOSSABIA

299,-
Antall:

Skrubb ansiktet jamnleg med denne 100% naturlege skrubben laga av dei pleiande og næringsrike blomane på raudkløver og rose, malt saman med økologisk rismjøl. Dette gir ein mild, men effektiv skrubb og rens av ansiktshuden, fjernar smuss, forureining og døde hudceller.

Bruksanvisning

Bruk som skrubb ca 2 gonger i veka:
ta ein liten mengde pulver (ca 1 ts) i handa eller i eit eggeglass t.d., bland med anten vatn rett i handa, eller med olje, naturell jogurt eller honning. Masser inn i huden med sirkelbevegelsar. Skyll av med lunka vatn. Smør deg så inn med ein næringsrik og god salve for eks.

Bruk som dagleg ansiktsrens:
ta ca 1 ts (eller mindre) i handa, bland med litt vatn frå springen og vask ansiktet lett med denne deilige grauten av blomar og rismjøl. Skyll.

Bruk som ansiktsmaske:
Bland ein liten mengde pulver med for eks honning (som renser, nærer og gir fukt til huden), påfør huden og slapp av medan maska får virke i ca 20 min. Vask av ved å skrubbe lett med lunka vatn.

 

Brukartips

Du kan bruke den som ein utruleg deilig og effektiv rens/peeling og blande med vatn, favoritturteteen, øko eplemost eller kva med å lage først ei ansiktsmaske ved å blande med litt honning?

INNEHELD:
**roseblomar (Rosa Rugosa), ** raudkløverblomar, * rismjøl, Rose de mai eterisk olje

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Fri for konserveringmiddel, syntetiske stoff, sulfater, parabener, mineraloljer, formaldehyd og ftalater.

*frå økologisk landbruk
** frå ville vekstar på garden

Kommentarer

Vossabia

Vossabia


Vossabia har sidan 2004, eller egentlig lenge før det og, jobba med djup og sterk fokus på heilskapleg helse med utgangspunkt i å nytte naturens utrulege univers for å balansere oss. 

Vossabia er oppteken av mat, av næringstoff og av langtidsperspektiv på helse. Mat inntek me gjennom munnen, men me meiner det bør inntas mat gjennom huden også! Det går trass alt inn i same systemet, og påverkar oss, det som me får på hud og hår også. Så for Vossabia er logikken grei: smør deg inn med sunne saker som urter og bienes råstoff, så balanserer me både hud, kropp og sinn :)

Relaterte produkter

Kunder kjøpte også

Trykk ENTER for å søke